![]() |
![]() ![]() |
Mo Jordbrukskule i Førde er som eit glansbilde å sjå til utad, med velstelte jorder og alléar mot ein bakgrunn av fjell og fossefall. Men bakom den perfekte fasaden skjuler det seg ein dyster virkelighet.
Det gamle hønsehuset ved skulen, ein langstrakt bygning utan vindauge, står der som eit grotesk monument over vår tids utplyndring av medskapningar. Eit stykke bakanfor sender innesperra revar ut sine varselskrik, og eit steinkast derifrå ligg fjøset med sine betongbåsar og atskilte kalveboksar. Det er vanskeleg å finne lyspunkt her - i likhet med så altfor mange andre landbruksskular i landet - manglar Mo vilje til å satse alternativt og dyrevenleg.
Ein må stålsetje seg for å gå inn i eit burhønsanlegg. Allereie i forrommet begynner det å gå kaldt neddover ryggen. Støyen frå hønseriet er så intens, ulinga frå ventilasjonsanlegget blandar seg med ei høglytt kakling, som innimellom lyder langtrukken og klagande. Atmosfæren er uhyggeleg, på grensa til det uverkelege. Larmen som slår imot når døra går opp. den kvalmande stanken og synet av dei lange burseksjonanae, som inneheld eit virvar av ribba halsar og samantrengde kroppar, er som tatt ut av eit mareritt. Verre kan neppe tilveret bli, dette representerer individets tåleevne tøyd til bristepunktet.
Røktaren gjekk foran langs burrekkene, og vi såg dei ørsmå metallbura der hønene trakka rundt kvarandre og kjempa om plassen. 6 høner skulle snart bli fri og få kome seg bort frå den drepande larmen og trengselen. Men korleis kunne ein velge mellom 2 000 høner som alle trengde like sterkt til ein fristad frå dette infernoet? Ein utveg var å gå langs burrekkene med framstrakt hand og håpe at hønene på eit vis ville velge seg sjølve. Men alle reagerte likt - dei var redde, men samtidig nyfikne. Dei såg forferdelege ut. Halsen var ribba på dei fleste, resten av fjørdrakta var pjusket og matt, og kammen var bleik, nærmast kvit på mange. Men augo var vakne og levande. Dette var høner i sin beste alder. Likevel skulle dei til slakteriet om eit par dagar. Dei var ferdig utnytta.
Nokre av hønene sat åleine i buret, samansunkne og apatiske. Desse vart valde først. Røktaren opna dørene, som i mange tilfelle var delvis rusta fast, og greip dei skrekkslagne hønene. Panikken forplanta seg til heile hønsehuset, og det blei ei øredøvande kakling. Men straks hønene blei plasserte i eska stilna støyen i rommet. Ikkje ei høne gav lyd frå seg - det var som om alle var informerte om det som skjedde og følgde med, sjølv om berre ein liten del var innanfor synsrekke.
Dei 6 hønene var valde ut, men så mange blikk hadde prenta seg inn, og det var håplaust å vende ryggen til dei. Røktaren henta ei ny eske og fylte den opp. I eitt av bura sat to fullstendig ribba høner. Dei hadde nokre spiler igjen på vengene, men elles var dei nakne, og huda var raud og sår. Det var eit grotesk syn. Røktaren såg rart på meg då eg peika på dei og sa at eg gjerne ville ha dei.
No var det 15 høner i bilen, og det var berre plass til ei eske til. Det var grusomt å måtte velge. Men så kom ei lita høne fram til handa. I motsetning til dei andre trekte ho seg ikkje unna, men let seg stryke. Den einaste erfaringa ho hadde med menneskehanda var hardhendt handtering under kjønnssortering, pakking, transport og overflytting frå oppdrettsbur til verpebur. Likevel viste ho tillit. Ho var eit ynkeleg syn; kammen var fargelaus, halsen var lang, mager og heilt ribba, og augo hadde eit sårt og forundra uttrykk, som om ho ennå ikkje hadde kome seg over sjokket ved å bli bydd eit slikt tilvere. Nok eit bur blei tømt.
Snart køyrde 20 høner bort frå skulen. Tankane gjekk til alle dei som sat att, dei som ikkje lenger hadde håp om eit leveverdig liv. Om eit par dagar skulle dei gjennom ei ny påkjenning - eit klimaks etter det ekstreme og trøsteslause livet dei hadde levd. Endå meir hardhendt behandling venta dei, endå meir stress, redsel og forvirring. Og langtifrå alle kom til å få ein smertefri død på slaktebandet. Men uansett - snart ville det heile vere over - endelig stillhet, endelig fred. Så grotesk og kynisk blir desse fuglane behandla at døden er det einaste barmhjertige dei får oppleve.
Det var likevel ei trøyst å sjå dei 20 frigitte hønene oppdage livet og seg sjølve. I trengselen i eggfabrikken er dyra berre ein skugge av seg sjølv, men i det fri får personlegdomen alde seg ut. Og personlegdom har høner rikeleg av!
Den første tida sat dei tett saman i hønsehuset, slik dei heile livet hadde vore vane med å sitje. Dei rørde seg lite, og når dei gjekk over golvet, var det med stive, ustøe steg. Når døra stod ope ut ut mot hagen, strekte dei hals, la hovudet på skakke og følgde med, men alt var nytt og framandt for dei, og det skulle lite til for å skape uro og panikk.
Alle var redde handa, så nær som Lykke, høna som hadde søkt kontakt i hønseriet. Ho hadde eit stort behov for omsorg, og allereie første kvelden kraup ho inn i armkroken og gøymde hovudet medan ho klukka lavt. Etterkvart som ho blei sterkare i beina, kravla ho opp i fanget og la seg til rette for å bli kjæla med. Etter eit par dagar fekk ho sin første tur ut i friluft, trygt forvart på armen. Det var tydelig at ho likte denne nye verda, for etter dette ville ho berre vere ute, og ho fotfølgde oss overalt, like inn på kjøkenet. Dersom ho måtte vente ute på trappa, blei ho svært skuffa og gav fra seg håse, klunkande lydar. Ho var som ein liten, fortapt kylling.
Men Lykke var ikkje frisk. Gattet var oppsvulma, og sjølv om ho var nyfiken på mat og var den første til å prøvesmake nye sortar (ho viste nærmast ekstatisk glede då ho første gong fekk spagetti), så var det lite ho åt. Ho fekk ein antibiotikakur og såg ut til å kome seg. Men etter eit par veker vart ho akutt dårleg. Ho slutta å ete, sat på "huk" med hengande venger, kroppstemperaturen sank, og ho kasta opp. Fortvilinga var stor. Skulle ho døy no når ho endeleg var begynt å leve? Skulle ho ikkje ein gong få oppleve denne eine sommaren? Ho blei tatt inn på kjøkenet, ovnen blei sett på fullt, og ho blei bydd kokt eggeplomme som styrkemedisin. Utruleg nok kvikna ho til etter nokre timar, og neste dag var ho i full vigør igjen. Men gleda blei kortvarig, for eit par veker seinare gjentok dette seg. Også denne gongen kvikna ho fort til igjen, etter å ha lagt eit skinnegg. Ho fekk ein ny antibiotikakur, men fortsette å få liknande tilfelle utover sommaren, med eit par vekers mellomrom. Sannsynlegvis har ho ein kronisk sjukdom i eggleggingsorgana, men heldigvis legg ho stadig sjeldnare egg, og dei siste månadene har ho vore heilt frisk. Ho er blitt meir robust og uavhengig, men framleis likar ho å få å flakse opp i fanget for ei kosestund, og ein gong om dagen kjem ho inn på kjøkenet for å få godbitar. Etterpå tar ho seg ei runde i huset, medan ho småpratar på sitt håse vis, og legg gjerne frå seg eit visittkort før ho går igjen til flokken sin.
Pernille var også svært medtatt då ho kom. Fjørene stritta til alle kantar, og ei stund trudde vi at vengene var skadde, for dei hang slapt nedetter sidene hennar. Dagane tilbragte ho i den mørkaste kråa i hønsehuset, og alle forsøk på oppretting av kontakt med henne var fånyttes. Ho lot til å ha gått inn i en varig depresjon.
Men etter eit par veker "vakna" ho. No er ho som forvandla. Uttrykket er vakent og livleg, fjørdrakta er blank og fin, og vengene har lagt seg inntil kroppen. Ho er ei av dei gladaste og mest pratsame hønene i hagen, og ho svarar på namet sitt og kjem springande med utspilte venger når det er godbitar i vente. Saman med Lykke er ho vanlegvis i spissen for "mottakingskomitéen" når vi kjem heim.
Dei to ribba hønene, som fekk namna Maja og Petra, hadde nok ein tøff overgangsperiode. Dei blei ein del mobba av dei andre hønene, og sjølv hanen ville ikkje vite av dei. Dei vart lett solbrende eller frosne, men var likevel ivrige etter å nyte utelivet. (Det var ikkje fritt for at en tenkte på dei forbipasserande sine reaksjoner når dei to ribba og solbrende hønene som sprang rundt i hagen). Men dei klarte seg fint, og no er dei fine og fjonge i ny fjærdrakt. Dei har posert for lokalavisa i eit førstesideoppslag om burhønsdrift, og har forhåpentlegvis fått mange til å reflektere over denne mørke sida ved landbruket. Ein skulle tru at desse hønene i seg sjølve er det beste beviset for at burhønsdrift er eit vanvittig dyrplageri.
Det var ikkje plass til alle dei 20 hønene hos oss, i tillegg til dei 18 som vi hadde frå før, så etter ei annonse i lokalavis, med overveldande respons som følge, fekk halvparten av hønene nye heimar. Etterspørselen var så stor at det blei endå ein tur til Mo, for henting av 9 nye høner, berre timar før dei skulle sendast til slakteriet. Mange fleire kunne ha vore redda, for henvendelsane fortsette å strøyme på, og tanken på dette var knapt til å halde ut. Men ein månad seinare blei det ny hønetransport, denne gongen fra Viksdalen, med ei last på 17 høner, som ble plasserte rundt om i hobbybesetningar. Ei annonse blei også rykka inn i Sunnmørsposten, og 35 høner frå eit burhønsanlegg i Volda fekk eit nytt liv.
Denne metoden er sterkt å anbefale alle som kjenner til burhøns som skal til slakteriet (Kontakt gjerne Eggcentralen - dei har oversikt over innmelde besetningar). Rykk inn ei annonse der du averterer gratis eller billege høner, og redd ut så mange som muleg. På denne måten bidrar du også til å få redusert salet av buregg, og ved å invitere lokalavisa på besøk, kan fleire få innblikk i burhønenes mareritt.
Det ser ut til å vere stor interesse for slike "utbrukte" burhøner. Dei verp framleis godt, tilpassar seg fort det naturlege livet, og er dei mest takknemlege skapningar ein kan stelle med. Det er som med heimlause kattar og andre dyr som lid vondt - dei set så umåtelig stor pris på eit godt liv når dei endelig får oppleve det. Og dei fortener det så inderleg!
![]() |